Arealbarometer for Innlandet
Areal egna for matproduksjon
Fylke: 34
09. april 2026
Arealressursar
I Innlandet er det 2 241 383 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 4,3 prosent av fylkets landareal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Innlandet. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
2 241 383dekar
4,3%
26 067 345dekar
50,1%
611 243dekar
1,2%
23 152 333dekar
44,5%
Kilde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2025, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovedsak hentet fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursene er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I fylker der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Innlandet er det 23 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
219 553dekar
10,9%
Grovfôr
1 017 179dekar
50,4%
Korn
700 041dekar
34,7%
Potet
61 722dekar
3,1%
Grønnsaker
17 275dekar
0,9%
Frukt og bær
2 828dekar
0,1%
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
1 138foretak
36 584antall dyr
Ammekyr
1 216foretak
26 177antall dyr
Vinterfôra sauer
1 572foretak
134 227antall dyr
Geiter
179foretak
7 109antall dyr
Avlspurker
132foretak
7 873antall dyr
Slaktegris
391foretak
348 943antall dyr
Verpehøner
174foretak
645 021antall dyr
Slaktekylling
88foretak
11 235 243antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
Korleis er kvaliteten på jorda?
65,9 prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Innlandet er jordsmonnkartlagt. I Innlandet har 94,4 prosent av den kartlagte jorda svært god eller god kvalitet.
Temakartet Jordkvalitet er først og fremst eit verktøy for bruk i arealplanlegging. Jordkvaliteten fortel om jorda eller terrenget har begrensningar for plantedyrking. Eit flatt jorde med lite stein er til dømes lettare å drive enn eit steinrikt jorde i ei bratt skråning. Jordkvalitetskartet tek ikkje omsyn til klima. I Noreg er det lite areal som egner seg til jordbruk. Jordsmonnet sine eigenskapar, terrengforhold og klima er avgjerande for kvar ein kan dyrke ulike planter. Ein god agronomi tar utgangspunkt i dei naturlege føresetnadene på kvar stad.
Jordkvalitet
dekar
%
Svært god
876 247dekar
71,4%
God
281 515dekar
23%
Mindre god
68 631dekar
5,6%
Kjelde: Jordkvalitet, 2022, NIBIO
Jordkvalitet er delt inn i tre klassar; svært god, god og mindre god jordkvalitet. Inndelinga bygger på ei samla vurdering av eigenskapar ved jorda som er viktige for den agronomiske bruken, samt hellingsgraden på jordbruksarealet.
Les meir om jordkvalitet på NIBIO sine nettsider
Sjå meir statistikk over jordeigenskapar på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over jordkvalitet i karttjenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet jordkvalitet vises.
Verdiskaping i jordbruket
Verdiskaping er her målt som bruttoprodukt inkludert tilskot. Bruttoprodukt er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen, og kan sjåast som betaling for arbeidsinnsats og forrentning av investert kapital. Arealbarometeret presenterer berre nokre nøkkeltal for verdiskaping. I tillegg er det presentert noko statistikk frå SSB. Nøkkeltala er henta frå utrekningar gjort av NIBIO i samband med utgreiingar av verdiskaping og sysselsetting i landbruket.
Alle tal er presentert slik de ligg føre i rapportane dei er henta frå og med den regionstrukturen som var på det tidspunktet. Der det har vore samanslåingar er det så langt som råd henta informasjon frå tidlegare einingar.
Verdiskaping for ulike produksjoner i Innlandet
Verdiskaping per produksjon mill. kroner
Melk, ku
1 643,01
Melk, geit
31,77
Ammeku
750,61
Sau
458,61
Svin
503,13
302,52
1 528,51
65,07
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Statistikk fra SSB
Antall innbyggere
373 628
Totalt areal, km²
52 072
Jordbruksareal i drift, km²
2 021
Produktivt skogareal, km²
18 820
Avvirkning, m³
4 761 542
Antall landbrukseiendommer
30 078
Antall jordbruksforetak
6 746
Antall sysselsatte i primærnæring
8 350
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Verdiskaping som bruttoprodukt og sysselsetting
Bruttoprodukt jordbruk, mill. kr
5 283,22
Årsverk à 1845 timer, jordbruk
7 254,78
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.