Arealbarometer for Østfold
Areal egna for matproduksjon
Fylke: 31
21. september 2026
Arealressursar
I Østfold er det 759 395 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 19 prosent av fylkets landareal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Østfold. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
759 395dekar
19%
2 556 595dekar
63,9%
222 363dekar
5,6%
464 421dekar
11,6%
Kjelde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2025, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovedsak hentet fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursene er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I fylker der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Østfold er det 0,0 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
16 665dekar
2,3%
Grovfôr
102 345dekar
14,3%
Korn
585 696dekar
81,7%
Potet
4 181dekar
0,6%
Grønnsaker
6 176dekar
0,9%
Frukt og bær
1 465dekar
0,2%
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
Husdyr
foretak
antall dyr
Melkekyr
99foretak
4 281antall dyr
Ammekyr
142foretak
2 859antall dyr
Vinterfôra sauer
138foretak
5 023antall dyr
Geiter
25foretak
249antall dyr
Avlspurker
49foretak
1 993antall dyr
Slaktegris
112foretak
103 547antall dyr
Verpehøner
85foretak
450 301antall dyr
Slaktekylling
85foretak
12 371 382antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
Jorda sine eigenskapar
Det nasjonale jordkartleggingsprogrammet skaffar fram informasjon om jorda sine eigenskapar på fulldyrka og overflatedyrka jord. 95,5 prosent av den fulldyrka og overflatedyrka jorda i Østfold er jordkartlagt. Nedanfor er det vist statistikk for tre tema frå jordkartlegginga.
Sjå meir statistikk over jordegenskaper på NIBIO sine nettsider
Les om det nasjonale jordkartleggingsprogrammet
Kor stor del av jorda er dyrka myr?
1,4 prosent av den kartlagde jorda i Østfold er dyrka myr.
Jordkartlegginga skil mellom organisk jord og mineraljord, og temakartet Organisk materiale deler dei jordkartlagde areala inn i seks klassar basert på mengda organisk materiale i overflatesjiktet og tjukkleiken på eventuell organisk jord. Vurderinga blir gjord i felt utan laboratorieanalysar. Det er klassane Djup organisk jord, Grunn organisk jord og Organisk overflatesjikt over mineraljord i tabellen som er ein del av omgrepet dyrka myr. Den dyrka myra har eit større lager av karbon enn mineraljord.
Organisk materiale
dekar
%
Dyp organisk jord
5 015dekar
1%
Grunn organisk jord
3 645dekar
1%
Organisk overflatesjikt over mineraljord
1 391dekar
0%
Mineraljord med høyt innhold av organisk materiale i overflatesjiktet
81 094dekar
12%
Mineraljord med innslag av organisk jord
329dekar
0%
Mineraljord med lavt til middels innhold av organisk materiale
604 292dekar
87%
Kjelde: Organisk materiale, 2026, NIBIO
Les meir om temakartet Organisk materiale på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over Organisk materiale i karttjenesten Kilden, fagområde Jordsmonn - NB: Zoom inn til kartet Organisk materiale vises.
Kor stor andel av jorda er sjølvdrenert?
13,9 prosent av den kartlagte jorda i Østfold er sjølvdrenert.
Jordkartlegginga identifiserer jorda si evne til å bli kvitt overflødig vatn, og temakartet Naturlige dreneringsforhold deler det jordkartlagde arealet inn i fire klassar. Kartet viser jorda si naturlege evne til å bli kvitt overflødig vatn, uavhengig av om det er gjennomført dreneringstiltak eller ikkje. Det er klassane Selvdrenert og Selvdrenert med våte drag i tabellen nedanfor som er ein del av omgrepet sjølvdrenert. Sjølvdrenert jord har mindre risiko for avlingssvikt som følgje av for mykje vatn enn jord som ikkje er sjølvdrenert.
Naturlige dreneringsforhold
dekar
%
Selvdrenert
96 393dekar
14%
Selvdrenert med våte drag
68dekar
0%
Delvis selvdrenert
29 967dekar
4%
Ikke selvdrenert
569 334dekar
82%
Kjelde: Naturlige dreneringsforhold, 2026, NIBIO
Jordressursar for arealplanlegging
89,8 prosent av den kartlagte jorda i Østfold er i klasse Svært gode jordressurser eller Gode jordressurser. Dette er dei aller mest verdifulle klassane for matproduksjon.
Temakartet Jordressurser er eit kunnskapsgrunnlag for arealplanlegging på ulike nivå innanfor forvaltninga. For matberedskapen i landet er det svært viktig at dei mest verdifulle areala blir oppretthaldne til matproduksjon. Jordkartlagde areal er klassifiserte i fire klassar på ein skala frå dei aller beste eigenskapane til dei mindre gode eigenskapane for jordbruk. For å klassifisere areal som blir brukte til matproduksjon må det takast mange val. Vala er gjorde på same måte for alle jordkartlagde areal i landet, uavhengig av vekstval, driftsmåte og klima.
Temakartet er ikkje utvikla for økonomisk berekning av jordbruksarealet sin verdi.
Jordressursar
dekar
%
Svært gode jordressurser
71 121dekar
10%
Gode jordressurser
554 125dekar
80%
Middels gode jordressurser
62 931dekar
9%
Mindre gode jordressurser
7 586dekar
1%
Kjelde: Jordressurser, 2026, NIBIO
Les meir om temakartet Jordressurser på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over Jordressurser i karttjenesten Kilden, fagområde Jordsmonn - NB: Zoom inn til kartet Jordressurser vises.
Verdiskaping i jordbruket
NIBIO har ikkje gjort utrekningar for verdiskaping i jordbruket for Østfold i løpet av dei siste åra, difor har vi ingen tal å vise.
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.