Arealbarometer for Rogaland
Areal egna for matproduksjon
Fylke: 11
24. august 2026
Arealressursar
I Rogaland er det 1 070 240 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 11,4 prosent av fylkets landareal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Rogaland. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
1 070 240dekar
11,4%
2 606 427dekar
27,8%
286 364dekar
3,1%
5 413 123dekar
57,7%
Kilde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2025, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovedsak hentet fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursene er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I fylker der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Rogaland er det 16,4 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
440 642dekar
43,7%
Grovfôr
519 571dekar
51,5%
Korn
32 176dekar
3,2%
Potet
7 247dekar
0,7%
Grønnsaker
6 761dekar
0,7%
Frukt og bær
1 924dekar
0,2%
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
997foretak
39 932antall dyr
Ammekyr
949foretak
15 442antall dyr
Vinterfôra sauer
2 237foretak
185 733antall dyr
Geiter
94foretak
2 937antall dyr
Avlspurker
183foretak
10 356antall dyr
Slaktegris
473foretak
412 040antall dyr
Verpehøner
165foretak
1 026 449antall dyr
Slaktekylling
123foretak
24 079 964antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
Jorda sine eigenskapar
Det nasjonale jordkartleggingsprogrammet skaffar fram informasjon om jorda sine eigenskapar på fulldyrka og overflatedyrka jord. 53 prosent av den fulldyrka og overflatedyrka jorda i Rogaland er jordkartlagt. Nedanfor er det vist statistikk for tre tema frå jordkartlegginga.
Sjå meir statistikk over jordegenskaper på NIBIO sine nettsider
Les om det nasjonale jordkartleggingsprogrammet
Kor stor del av jorda er dyrka myr?
17,1 prosent av den kartlagde jorda i Rogaland er dyrka myr.
Jordkartlegginga skil mellom organisk jord og mineraljord, og temakartet Organisk materiale deler dei jordkartlagde areala inn i seks klassar basert på mengda organisk materiale i overflatesjiktet og tjukkleiken på eventuell organisk jord. Vurderinga blir gjord i felt utan laboratorieanalysar. Det er klassane Djup organisk jord, Grunn organisk jord og Organisk overflatesjikt over mineraljord i tabellen som er ein del av omgrepet dyrka myr. Den dyrka myra har eit større lager av karbon enn mineraljord.
dekar
%
Dyp organisk jord
24 681dekar
8%
Grunn organisk jord
21 299dekar
7%
Organisk overflatesjikt over mineraljord
9 739dekar
3%
Mineraljord med høyt innhold av organisk materiale i overflatesjiktet
213 217dekar
65%
Mineraljord med innslag av organisk jord
1 324dekar
0%
Mineraljord med lavt til middels innhold av organisk materiale
56 567dekar
17%
Kilde: Organisk materiale, 2026, NIBIO
Les meir om temakartet Organisk materiale på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over Organisk materiale i karttjenesten Kilden, fagområde Jordsmonn - NB: Zoom inn til kartet Organisk materiale vises.
51,9 prosent av den kartlagte jorda i Rogaland er sjølvdrenert.
Jordkartlegginga identifiserer jorda si evne til å bli kvitt overflødig vatn, og temakartet Naturlige dreneringsforhold deler det jordkartlagde arealet inn i fire klassar. Kartet viser jorda si naturlege evne til å bli kvitt overflødig vatn, uavhengig av om det er gjennomført dreneringstiltak eller ikkje. Det er klassane Selvdrenert og Selvdrenert med våte drag i tabellen nedanfor som er ein del av omgrepet sjølvdrenert. Sjølvdrenert jord har mindre risiko for avlingssvikt som følgje av for mykje vatn enn jord som ikkje er sjølvdrenert.
dekar
%
Selvdrenert
164 062dekar
50%
Selvdrenert med våte drag
5 688dekar
2%
Delvis selvdrenert
28 798dekar
9%
Ikke selvdrenert
128 276dekar
39%
Kilde: Naturlige dreneringsforhold, 2026, NIBIO
Jordressursar for arealplanlegging
71,5 prosent av den kartlagte jorda i Rogaland er i klasse Svært gode jordressurser eller Gode jordressurser. Dette er dei aller mest verdifulle klassane for matproduksjon.
Temakartet Jordressurser er eit kunnskapsgrunnlag for arealplanlegging på ulike nivå innanfor forvaltninga. For matberedskapen i landet er det svært viktig at dei mest verdifulle areala blir oppretthaldne til matproduksjon. Jordkartlagde areal er klassifiserte i fire klassar på ein skala frå dei aller beste eigenskapane til dei mindre gode eigenskapane for jordbruk. For å klassifisere areal som blir brukte til matproduksjon må det takast mange val. Vala er gjorde på same måte for alle jordkartlagde areal i landet, uavhengig av vekstval, driftsmåte og klima.
Temakartet er ikkje utvikla for økonomisk berekning av jordbruksarealet sin verdi.
dekar
%
Svært gode jordressurser
84 366dekar
26%
Gode jordressurser
149 459dekar
46%
Middels gode jordressurser
48 938dekar
15%
Mindre gode jordressurser
44 065dekar
14%
Kilde: Jordressurser, 2026, NIBIO
Les meir om temakartet Jordressurser på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over Jordressurser i karttjenesten Kilden, fagområde Jordsmonn - NB: Zoom inn til kartet Jordressurser vises.
Verdiskaping i jordbruket
Verdiskaping er her målt som bruttoprodukt inkludert tilskot. Bruttoprodukt er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen, og kan sjåast som betaling for arbeidsinnsats og forrentning av investert kapital. Arealbarometeret presenterer berre nokre nøkkeltal for verdiskaping. I tillegg er det presentert noko statistikk frå SSB. Nøkkeltala er henta frå utrekningar gjort av NIBIO i samband med utgreiingar av verdiskaping og sysselsetting i landbruket.
Alle tal er presentert slik de ligg føre i rapportane dei er henta frå og med den regionstrukturen som var på det tidspunktet. Der det har vore samanslåingar er det så langt som råd henta informasjon frå tidlegare einingar.
Verdiskaping for ulike produksjoner i Rogaland
Verdiskaping per produksjon mill. kroner
Melk, ku
1 549,17
Melk, geit
14,08
Ammeku
398,43
Sau
501,27
Svin
658,55
381,32
206,27
501,10
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Statistikk fra SSB
Antall innbyggere
492 350
Totalt areal, km²
9 377
Jordbruksareal i drift, km²
1 004
Produktivt skogareal, km²
1 445
Avvirkning, m³
99 644
Antall landbrukseiendommer
10 322
Antall jordbruksforetak
4 016
Antall sysselsatte i primærnæring
6 143
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Verdiskaping som bruttoprodukt og sysselsetting
Bruttoprodukt jordbruk, mill. kr
4 210,18
Årsverk à 1845 timer, jordbruk
6 285,84
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.