Arealbarometer for Strand

Areal egnet for matproduksjon

Kommune: 1130

24. april 2024

Nedbygging-ikon

Nedbygging

Dette skjer ofte rundt store byar og tettstader, der ein også finn mykje av den beste landbruksjorda.
Gjengroing-ikon

Gjengroing

Jordbruksareal som av ulike grunnar ikkje er i bruk lenger, vil gro igjen over tid.
Oppdyrking-ikon

Oppdyrking

Noko areal vert dyrka opp til åker eller engareal, medan andre vert rydda til innmarksbeite.

Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?

  • Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
  • Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
  • Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
  • Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.

Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!

Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land

I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.

Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.

Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).

Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.