Arealbarometer for Time
Areal egnet for matproduksjon
Kommune: 1121
30. juni 2025
Arealressursar
I Time er det 84 445 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 46 prosent av landarealet i kommunen.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Time. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
84 445dekar
46%
21 386dekar
11,7%
11 207dekar
6,1%
66 152dekar
36,1%
Kjelde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2024, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovudsak henta fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursane er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I kommuner der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Time er det 0,0 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt?
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
37 340dekar
45,2%
Grovfôr
41 286dekar
50%
Korn
3 837dekar
4,6%
Potet
70dekar
0,1%
Grønnsaker
88dekar
0,1%
Frukt og bær
1dekar
0,0%
Kjelde: Produksjonstilskot 2024, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
98foretak
4 477antall dyr
Ammekyr
74foretak
1 336antall dyr
Vinterfôra sauer
127foretak
10 385antall dyr
Geiter
3foretak
127antall dyr
Avlspurker
20foretak
1 372antall dyr
Slaktegris
51foretak
53 666antall dyr
Verpehøner
13foretak
102 619antall dyr
Slaktekylling
7foretak
1 253 714antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2024, Landbruksdirektoratet
Korleis er kvaliteten på jorda?
95,2 prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Time er jordsmonnkartlagt. I Time har 96,9 prosent av den kartlagte jorda svært god eller god kvalitet.
Temakartet Jordkvalitet er fyrst og fremst eit verktøy for bruk i arealplanlegging. Jordkvaliteten fortel om jorda eller terrenget har begrensningar for plantedyrking. Eit flatt jorde med lite stein er til dømes lettare å drive enn eit steinrikt jorde i ei bratt skråning. Jordkvalitetskartet tek ikkje omsyn til klima. I Noreg er det lite areal som egner seg til jordbruk. Jordsmonnet sine eigenskapar, terrengforhold og klima er avgjerande for kvar ein kan dyrke ulike plantar. Ein god agronomi tek utgangspunkt i dei naturlege føresetnadane på kvar stad.
Jordkvalitet
dekar
%
Svært god
28 376dekar
65,5%
God
13 615dekar
31,4%
Mindre god
1 322dekar
3,1%
Kjelde: Jordkvalitet, 2022, NIBIO
Jordkvalitet er delt inn i tre klassar; svært god, god og mindre god jordkvalitet. Inndelinga bygger på ei samla vurdering av eigenskapar ved jorda som er viktige for den agronomiske bruken, samt hellingsgraden på jordbruksarealet.
Les meir om jordkvalitet på NIBIO sine nettsider
Sjå meir statistikk over jordeigenskapar på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over jordkvalitet i karttjenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet jordkvalitet vises.
Verdiskaping i jordbruket
Verdiskaping er her målt som bruttoprodukt inkludert tilskot. Bruttoprodukt er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen, og kan sjåast som betaling for arbeidsinnsats og forrentning av investert kapital. Arealbarometeret presenterer berre nokre nøkkeltal for verdiskaping. I tillegg er det presentert noko statistikk frå SSB. Nøkkeltala er henta frå utrekningar gjort av NIBIO i samband med utgreiingar av verdiskaping og sysselsetting i landbruket.
Alle tal er presentert slik de ligg føre i rapportane dei er henta frå og med den regionstrukturen som var på det tidspunktet. Der det har vore samanslåingar er det så langt som råd henta informasjon frå tidlegare einingar.
Verdiskaping for ulike produksjoner i Time
Verdiskaping per produksjon mill. kroner
Melk, ku
172,56
Melk, geit
0,75
Ammeku
27,57
Sau
31,34
Svin
85,32
26,14
8,17
0,58
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Statistikk fra SSB
Antall innbyggere
19 781
Totalt areal, km²
183
Jordbruksareal i drift, km²
83
Produktivt skogareal, km²
14
Avvirkning, m³
6 263
Antall landbrukseiendommer
433
Antall jordbruksforetak
237
Antall sysselsatte i primærnæring
393
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Verdiskaping som bruttoprodukt og sysselsetting
Bruttoprodukt jordbruk, mill. kr
352,43
Årsverk à 1845 timer, jordbruk
452,02
Kilde: NIBIO rapport, tall fra 2022
Les om arealberekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.