Arealbarometer for Telemark
Areal egna for matproduksjon
Fylke: 40
21. mai 2026
Arealressursar
I Telemark er det 292 584 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 1,9 prosent av fylkets landareal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Telemark. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
292 584dekar
1,9%
8 166 607dekar
53,4%
194 914dekar
1,3%
6 642 027dekar
43,4%
Kilde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2025, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovedsak hentet fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursene er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I fylker der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Telemark er det 14,1 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
26 028dekar
10,9%
Grovfôr
135 567dekar
56,7%
Korn
69 356dekar
29%
Potet
1 368dekar
0,6%
Grønnsaker
1 653dekar
0,7%
Frukt og bær
5 137dekar
2,1%
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
66foretak
1 944antall dyr
Ammekyr
198foretak
3 263antall dyr
Vinterfôra sauer
291foretak
17 437antall dyr
Geiter
45foretak
2 012antall dyr
Avlspurker
13foretak
531antall dyr
Slaktegris
38foretak
16 202antall dyr
Verpehøner
35foretak
90 269antall dyr
Slaktekylling
3foretak
268 898antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
Korleis er kvaliteten på jorda?
58,5 prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Telemark er jordsmonnkartlagt. I Telemark har 94,7 prosent av den kartlagte jorda svært god eller god kvalitet.
Temakartet Jordkvalitet er først og fremst eit verktøy for bruk i arealplanlegging. Jordkvaliteten fortel om jorda eller terrenget har begrensningar for plantedyrking. Eit flatt jorde med lite stein er til dømes lettare å drive enn eit steinrikt jorde i ei bratt skråning. Jordkvalitetskartet tek ikkje omsyn til klima. I Noreg er det lite areal som egner seg til jordbruk. Jordsmonnet sine eigenskapar, terrengforhold og klima er avgjerande for kvar ein kan dyrke ulike planter. Ein god agronomi tar utgangspunkt i dei naturlege føresetnadene på kvar stad.
Jordkvalitet
dekar
%
Svært god
108 033dekar
73,2%
God
31 749dekar
21,5%
Mindre god
7 737dekar
5,2%
Kjelde: Jordkvalitet, 2022, NIBIO
Jordkvalitet er delt inn i tre klassar; svært god, god og mindre god jordkvalitet. Inndelinga bygger på ei samla vurdering av eigenskapar ved jorda som er viktige for den agronomiske bruken, samt hellingsgraden på jordbruksarealet.
Les meir om jordkvalitet på NIBIO sine nettsider
Sjå meir statistikk over jordeigenskapar på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over jordkvalitet i karttjenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet jordkvalitet vises.
Verdiskaping i jordbruket
NIBIO har ikkje gjort utrekningar for verdiskaping i jordbruket for Telemark i løpet av dei siste åra, difor har vi ingen tal å vise.
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.