Arealbarometer for Buskerud
Areal egna for matproduksjon
Fylke: 33
02. juli 2025
Arealressursar
I Buskerud er det 542 200 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 3,7 prosent av fylkets landareal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Buskerud. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
542 200dekar
3,7%
7 604 682dekar
51,8%
255 995dekar
1,7%
6 291 210dekar
42,8%
Kjelde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2024, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovudsak henta fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursene er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. I fylker der meir enn 3 prosent av arealet ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Buskerud er det 21,6 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
63 036dekar
13,3%
Grovfôr
195 109dekar
41,1%
Korn
195 031dekar
41,1%
Potet
2 548dekar
0,5%
Grønnsaker
11 657dekar
2,5%
Frukt og bær
7 288dekar
1,5%
Kjelde: Produksjonstilskot 2024, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
136foretak
4 154antall dyr
Ammekyr
270foretak
5 603antall dyr
Vinterfôra sauer
449foretak
33 768antall dyr
Geiter
43foretak
2 139antall dyr
Avlspurker
16foretak
610antall dyr
Slaktegris
30foretak
5 673antall dyr
Verpehøner
48foretak
120 840antall dyr
Slaktekylling
4foretak
374 980antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskot 2024, Landbruksdirektoratet
Korleis er kvaliteten på jorda?
75,3 prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Buskerud er jordsmonnkartlagt. I Buskerud har 94,7 prosent av den kartlagte jorda svært god eller god kvalitet.
Temakartet Jordkvalitet er først og fremst eit verktøy for bruk i arealplanlegging. Jordkvaliteten fortel om jorda eller terrenget har begrensningar for plantedyrking. Eit flatt jorde med lite stein er til dømes lettare å drive enn eit steinrikt jorde i ei bratt skråning. Jordkvalitetskartet tek ikkje omsyn til klima. I Noreg er det lite areal som egner seg til jordbruk. Jordsmonnet sine eigenskapar, terrengforhold og klima er avgjerande for kvar ein kan dyrke ulike planter. Ein god agronomi tar utgangspunkt i dei naturlege føresetnadene på kvar stad.
Jordkvalitet
dekar
%
Svært god
241 792dekar
70,5%
God
83 168dekar
24,2%
Mindre god
18 179dekar
5,3%
Kjelde: Jordkvalitet, 2022, NIBIO
Jordkvalitet er delt inn i tre klassar; svært god, god og mindre god jordkvalitet. Inndelinga bygger på ei samla vurdering av eigenskapar ved jorda som er viktige for den agronomiske bruken, samt hellingsgraden på jordbruksarealet.
Les meir om jordkvalitet på NIBIO sine nettsider
Sjå meir statistikk over jordeigenskapar på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over jordkvalitet i karttjenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet jordkvalitet vises.
Verdiskaping i jordbruket
NIBIO har ikkje gjort utrekningar for verdiskaping i jordbruket for Buskerud i løpet av dei siste åra, difor har vi ingen tal å vise.
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.