Arealbarometer for Norge
Areal egnet for matproduksjon
04. april 2026
Arealressurser
I Norge er det 11 310 417 dekar jordbruksareal, noko som utgjer omlag 3,5 prosent av landets areal.
Arealressurskartet AR5 gjev informasjon om ressursgrunnlaget i Norge. Det viser kva areal som kan brukast til landbruksproduksjon. Kartet gjev detaljert informasjon om arealressursane. Det vert brukt til planlegging, konsekvensutgreiingar, statistikkar og kontroll av arealtilskot i jordbruket.
Arealklasse
dekar
%
11 310 417dekar
3,5%
123 053 342dekar
38%
4 146 971dekar
1,3%
185 244 773dekar
57,2%
Kjelde: Arealressurskart AR5, årsversjon 2025, NIBIO. Arealklasse merket * er i hovudsak henta fra AR50, NIBIO.
Informasjonen om arealressursane er henta frå det detaljerte arealressurskartet AR5. For areal som ikkje er kartlagt i AR5, er det supplert med informasjon frå arealressurskartet AR50. Denne informasjonen byggjer på topografisk norgeskart N50 og satellittbildetolking av snaumark. I Norge er det 38,5 % av arealet som ikkje er kartlagt i AR5.
Les meir om arealressurskartet AR5 på NIBIO sine nettsider
Sjå arealressurskartet AR5 i karttenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet AR5 vises.
Korleis vert jordbruksareala brukt
Veksttype
dekar
%
Innmarksbeite
1 532 598dekar
15,6%
Grovfôr
5 072 785dekar
51,7%
Korn
2 963 138dekar
30,2%
Potet
122 827dekar
1,3%
Grønnsaker
74 900dekar
0,8%
Frukt og bær
39 442dekar
0,4%
Kjelde: Produksjonstilskot 2025, Landbruksdirektoratet
foretak
antall dyr
Melkekyr
6 088foretak
207 280antall dyr
Ammekyr
5 725foretak
104 243antall dyr
Vinterfôra sauer
12 604foretak
879 827antall dyr
Geiter
1 256foretak
44 790antall dyr
Avlspurker
732foretak
36 382antall dyr
Slaktegris
1 879foretak
1 464 137antall dyr
Verpehøner
1 290foretak
4 276 880antall dyr
Slaktekylling
501foretak
71 838 404antall dyr
Kjelde: Produksjonstilskudd 2025, Landbruksdirektoratet
Korleis er kvaliteten på jorda?
57,8 prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Norge er jordsmonnkartlagt. I Norge har 94,4 prosent av den kartlagte jorda svært god eller god kvalitet
Temakartet Jordkvalitet er først og fremst eit verktøy for bruk i arealplanlegging. Jordkvaliteten fortel om jorda eller terrenget har begrensningar for plantedyrking. Eit flatt jorde med lite stein er til dømes lettare å drive enn eit steinrikt jorde i ei bratt skråning. Jordkvalitetskartet tek ikkje omsyn til klima. I Noreg er det lite areal som egner seg til jordbruk. Jordsmonnet sine eigenskapar, terrengforhold og klima er avgjerande for kvar ein kan dyrke ulike planter. Ein god agronomi tar utgangspunkt i dei naturlege føresetnadene på kvar stad.
Jordkvalitet
dekar
%
Svært god
3 422 347dekar
67,7%
God
1 350 410dekar
26,7%
Mindre god
278 821dekar
5,5%
Kjelde: Jordkvalitet, 2022, NIBIO
Jordkvalitet er delt inn i tre klassar; svært god, god og mindre god jordkvalitet. Inndelinga bygger på ei samla vurdering av eigenskapar ved jorda som er viktige for den agronomiske bruken, samt hellingsgraden på jordbruksarealet.
Les meir om jordkvalitet på NIBIO sine nettsider
Sjå meir statistikk over jordeigenskapar på NIBIO sine nettsider
Sjå kart over jordkvalitet i karttjenesta Kilden - NB: Zoom inn til kartet jordkvalitet vises.
Verdiskaping i jordbruket
NIBIO har berre gjort utrekningar for verdiskaping i jordbruket for nokre fylke og ikkje for heile landet, så vi kan dessverre ikkje vise tal for Noreg.
Les om utrekning av verdiskaping i jordbruket på NIBIO sine nettsider. Her er også dei einskilde rapportane med meir informasjon lenka opp.»
Nedbygging
Gjengroing
Oppdyrking
Kvifor er det viktig å ta vare på matjorda?
- Matjord er ein knapp og ikkje-fornybar ressurs.
- Klimaendringane vil endre vilkåra for matproduksjon verda over.
- Folkeauken gjer at vi treng meir areal til jordbruk.
- Nok mat, trygg mat, kortreist og god mat vert viktigare for livskvaliteten vår.
Eit dekar kveite kan gje 1000 brød kvart år!
Lite jordbruksareal i Noreg samanlikna med andre land
I Noreg er kun tre prosent av landarealet jordbruksareal, og berre ein tredjedel av dette er egna til produksjon av matkorn. Tre prosent er mykje lavere enn i andre land vi kan samanlikne oss med. OECD-landa har nær førti prosent.
Stortinget har vedteke at matproduksjonen i Noreg skal aukast med 20 prosent fram til 2030.
Folketalet i verda passerte 7 milliarder menneske i 2011, og er i 2050 venta å vere 9 milliardar. FAO har rekna ut at den globale matproduksjonen må aukast med 70 prosent innan 2050 for å sikre nok mat til alle (menneska på jorda).
Ei slik utvikling vil setje produksjonsareala under press. Det gjeld både kor mykje areal som er tilgjengeleg og kvaliteten på jordbruksareala.